Frå 15 år i rus til kaptein på Hødd Gatelag
For kapteinen på Hødd Gatelag blei fotballen vegen tilbake til livet – og i dag er han rusfri, pappa og eit forbilde for andre som kjempar sin eigen kamp. Heimebaneprosjektet Hødd samfunn
Han har alltid vore glad i fotball. Som mange andre hadde han også ein draum om å spele for Hødd. Men livet tok etter kvart ei heilt anna retning.
I ungdomsåra byrja angsten å ta plass. For å døyve uroen blei festing ein del av kvardagen, og då han var 21 år fekk han for første gong tilbod om stoff. Det skulle bli starten på ein lang og tung periode i livet.
– Det var starten på 15 år med helvete, fortel han.
I 2020 kjende han at det var nok. Han bestemte seg for å ta tilbake livet sitt, og starte på vegen mot eit rusfritt liv. To år seinare var han rusfri.
På vegen vidare fekk han høyre om Hødd Gatelag. Før den første treninga kjende han på nervane. Kanskje kom han til å møte folk frå det gamle miljøet? Kanskje kom han ikkje til å passe inn?
Det han møtte, var noko heilt anna.
– Miljøet er så inkluderande. Vi har blitt ein stor vennegjeng. Vi støttar kvarandre, oppmuntrar kvarandre – og viss nokon ikkje kjem på trening, så tek vi kontakt og sjekkar at det går bra.
Treningane på tysdagar og fredagar har blitt faste høgdepunkt i veka.
– Eg gler meg kvar gong. Vi jobbar mot dei same måla, vi lærer av kvarandre og løftar kvarandre fram.
Fotballen har gitt han retning i livet igjen.
I dag er han rusfri, i arbeid – og har blitt pappa. På bana er han kaptein for Hødd Gatelag, ei rolle han ber med stoltheit.
– Eg drøymde alltid om å spele på A-laget då eg var liten. Det vart ikkje slik. Men no får eg vere kaptein på gatelaget – og kanskje vere eit lite forbilde for andre.
Bodskapen hans til andre som slit er enkel:
– Viss du har eit rusproblem og lurer på om gatelaget kan vere noko for deg – kom. Her er alle velkomne. Her får du støtte, fellesskap og ein ny sjanse.
For nokre startar vegen tilbake med eit enkelt spark på ein fotball. ⚽
Hødd Gatelag
Trening tysdag og fredag frå kl. 12.00!