Fotballen som samfunnskraft

Sunnmøre Fotballkrets og Hødd inviterer til samling på Høddvoll søndag 30. august, i forkant av OBOS-ligakampen mellom Hødd og Stabæk.

Annonse:

Sunnmøre Fotballkrets og IL Hødd Fotball inviterer leiarar i klubbane på Søre Sunnmøre til ei innhaldsrik samling på Høddvoll i forkant av OBOS-ligakampen mellom Hødd og Stabæk.

Fotballen handlar om langt meir enn resultat og tabellar. Kvar veke skaper klubbane våre møteplassar, fellesskap, meistring og tilhøyrsle for menneske i alle aldrar og med ulike føresetnader.

Denne ettermiddagen ønskjer vi å løfte fram noko av det viktige samfunnsarbeidet som skjer gjennom fotballen på Sunnmøre – frå breiddefotball, inkludering og samfunnsprosjekt, og til sunnmøringar som har tatt steget heilt ut på den internasjonale fotballscena.

Det blir servert Street Food frå Willys Gourmet før vi avsluttar dagen med Hødd–Stabæk på Høddvoll kl. 17.00.

Sjå heile programmet her!

Påmelding: klikk her for å melde på!
Påmeldingsfrist: torsdag 27. august kl. 12.00

Vi håper du har høve til å bli med på ein spennande og innhaldsrik fotballdag på Høddvoll.

Velkomen!

Annonse fra Obos-ligaen: