Første tur til Nord-Norge

Laurdag sette herrelaget kursen nordover, nærare bestemt mot Tromsø. Der er det Fløya som er motstandar på søndag.

Dei neste fire bortekampane skal alle spelast i Nord-Norge: Fløya, Tromsdalen, Alta og Senja i kronologisk rekkefølge.

Etter 0-0 mot Kongsvinger forrige helg er Hødd framleis i angrepsposisjon med fire poeng opp til serieleiaren. Det skal likevel seiast at dei har ein kamp til gode (mot Asker). Andreplassen er godt innan rekkevidde, der berre Asker kan gå forbi dersom dei vinn alle deira tre utsette kampar. Så her gjeld det å halde fokus!

Fløya spelte 1-1 mot Senja i forrige serierunde, men kjem frå eit knepent 3-2-tap for Asker i midtveka. Dermed ligg dei i skrivande stund på nedrykksplass med sju poeng opp til Moss over nedrykksstreken.

TABELLSITUASJONEN: 1. plass gir direkte opprykk, medan 2. plass sikrar kvalifisering til OBOS-ligaen.
TABELLSITUASJONEN: 1. plass gir direkte opprykk, medan 2. plass sikrar kvalifisering til OBOS-ligaen.

I det motsette oppgjeret vann Hødd 1-0 på Høddvoll etter scoring av Robin Hjelmeseth. Sjansestatistikken var uansett i sterk favør Hødd utan at det gav utteljing i den kampen. Også fjorårets oppgjer enda 0-1 i Tromsø, så det blir ingen enkel kamp for karane på søndag. 

Hødd har slite med litt smårusk her og der siste veka, men har med ei sterk tropp på 17 mann som skal kjempe om tre poeng. Paul Moussinga har karantene etter det raude kortet sist kamp, medan Bendik Engen og Ola Heltne Nilsen framleis er skada. Kaptein Sverre Økland er også usikker, men er med på reisa til Tromsø.

Dei blåkvite er spenna klare til kamp og skal gi alt for å reise heim med tre poeng i bagasjen. Kampen startar søndag 13.00, og du kan som alltid følge den på Vikebladet eller Sunnmørsposten.

Vi minner også om ny toppkamp på Høddvoll neste laurdag. Denne gongen mot Asker. Etter gode opplevingar mot Kongsvinger, blir det mellom anna VIP-arrangement også denne gongen. Les meir om det her.

Heia Hødd!

Annonse: