Første test for året

A-lag dame spelar årets første treningskamp borte mot Molde mot Vestnes Stadion. Kampstart kl. 13.00!

Hødd

A-lag damer spelar årets første treningskamp borte mot Molde, og kampen er satt opp på Vestnes med kampstart kl. 13.00.

Vi har tatt oss ein liten prat med Ronny før årets første treningskamp.

- Usikker på kva som møter oss. Molde har spelt mot Brann i Bergen fredag og tapte 0-5. Helena Nygård spelte heile kampen og Juliane Bringsvor var involvert, så det er kjekt for oss og dei.

- Tippa det blir tøff motstand uansett. Vi har ein liten tropp som reiser på kamp, noko som er synd for dei som ikkje er med. Vi er ute etter svar. Både på korleis vi står, men også om vi står fram slik vi ønsker. Så er det første treningskampen for damelaget og det er aldri dumt å melde seg på i kampen om ein plass på serielaget.

Molde

Molde spelte sin første treningskamp førre helg i Sognahallen der laget tapte 4-2 mot 1. divisjonslaget Fyllingsdalen. Fredag vart det tap 5-0 mot Brann i Bergen. 

Laget har derfor møtt tøff motstand i oppkøyringa, men det er nok ein bevisst strategi for laget som skal vere med i den spissa 2. divisjonen i år. 

I vinter har også Hødd-spelararane Helena Nygård og Juliane Bringsvor meldt overgang til Molde, og begge er venta å spele mot Hødd laurdag. 

Laga spelte mot kvarandre i fjor i 2. divisjon og i begge oppgjera vart det dessverre tap mot Molde for det unge Hødd-laget. 

No er det nye sjansar mot Molde og vi ønsker derfor laget lykke til mot Molde i morgon!

Annonse: