Første heimekamp for A-lag damer

A-lag damer spelar årets første heimekamp på Høddvoll i 2. divisjon når AaFK Fortuna kjem på besøk laurdag kl. 14.00. Møt opp å støtt damelaget i kampen mot AaFK Fortuna!

Årets første heimekamp i 2. divisjon

Hødd A-lag damer opna sesongen borte mot Herd sist og leverte ein flott prestasjon tross eit tidleg raudt kort og spel med ein spelarar mindre i store delar av kampen. I tillegg hadde dei ikkje marginene med seg heilt på slutten av kampen då dommertrioen annulerte to mål som kunne sikra Hødd eitt eller tre poeng heim til Ulsteinvik. Sjølv om det var mykje stang ut i førre seriekamp, så kan laget vere stolte av den prestasjonen som vart lagt ned og det er derfor mykje positivt å bygge vidare på.

No ventar favoritten i avdeling 5, AaFK Fortuna på Høddvoll laurdag kl. 14.00 og laget treng di støtte når dei no skal kjempe om tre poeng.

Det blir open kiosk, speakerteneste og storskjerm under kampen.

Ei fin treningsveke

- Vi har hatt eit fin treningsveke der eg føler vi har fått gått igjennom det vi skal og førebudd oss så godt vi kan inn mot kampen, og vi føler oss veldig klare til å gi alt mot AaFK Fortuna. Laget vi møter er som vi har erfart tidlegare eit veldig sterkt lag som er klare favoritta, men vi skal gi dei kamp og forhåpentlegvis klare å ta poeng. Vi har brukt mykje tid på trening på korleis vi skal framstå på bana, og eg håper derfor at vi ser igjen noko av det vi har jobba med på treningsfeltet i den siste veka, seier Thea Ertesvåg.

Klubben vil også takke Jenny Gjerde Sætre, Johanne Helvig og Lina Solheim Stave for innsatsen i Hødd-drakta. Les det ferske intervjuet med desse tre i Hødd-avisa som blir sendt ut i kveld.

Her ser vi frå venstre i biletet: Johanne, Jenny og Lina
Her ser vi frå venstre i biletet: Johanne, Jenny og Lina

Sjå tabell og terminliste til 2. divisjons kvinner avd. 5 her!

Vi ønskjer damelaget lykke til i heimekampen mot AaFK Fortuna laurdag!

 

 

Annonse fra Obos-ligaen: