Før kampen: Vidar-Hødd
Hødd gjestar formlaget Vidar på søndag.
Hødd tek turen til Stavanger i helga for å møte eit Vidar-lag i kalasform.
No klarte Hødd å stoppe Notodden si sigersrekke på seks kampar i helga som gikk, og dei blåkvite frå Ulsteinvik satsar på å gjere det same med Vidar.
Vidar har fire strake sigrar, der all har vore målfestar. 3-2 heime mot Fram Larvik, 4-3 heime mot Odd 2, 3-2 borte mot Bryne og 5-2 borte mot Fana.
Dei heilraude frå Stavanger ligg no på 4. plass på tabellen, åtte poeng bak førsteplassen og sju poeng bak kvalifiseringsplassen. Det finst med andre ord eit ørlite håp om opprykk denne sesongen for raudtrøyene.
Heime på Lassa har Vidar vunne 7 av 10 kampar, og har berre eit heimetap. Toppscorar er Martin Hummervoll med 12 nettkjenningar, ei scoring meir enn vår eigen Torbjørn Kallevåg.
Hødd er ubesigra på sine fem siste kampar. Siger mot Odd 2 og Fana, har blitt fulgt opp med tre strake uavgjorte kampar mot lag som begynner med N: Nardo, Nest-Sotra og Notodden.
Hødd har vore på 8. plass på tabellen i langt tid, og avstanden opp til plassen over er fire poeng. Fram til motstandar Vidar på 4. plass er det ni poeng.
Då klubbane møttes på Høddvoll i juni vart det ein solid 3-0-siger til Hødd. Bendik Rise, Torbjørn Kallevåg og Bader Rahhaoui scora for vertane.
No er det to lag i bra form som møtes, og det vert fort ein underhaldande og målrik kamp på Lassa.
Kampstart er kl. 15.00, og kampen kan du sjå direkte på smp.no.