Før kampen: Start - Hødd

I dag spelar Hødd ny kamp i OBOS-ligaen når laget møter Start borte på Sparebanken Sør Arena.

Hødd har fått ein god start på sesongen og har framleis ikkje tapt ein kamp etter opprykket. No ventar ein av favorittane til opprykk på Sparebanken Sør Arena. 

Start toget har ikkje heilt gått på skinner så langt, tross at laget berre er 3 poeng bak Hødd før dagens oppgjer. Etter ein sterk 4-0 siger mot Kristiansund i første heimekamp, så vart det eit overraskande 1-3 tap mot Raufoss i neste heimekamp. På bortebane har laget spelt 3 uavgjorte kampar. 

Heimelaget Start vil nok gå ut med høgt tempo frå starten av, og vi må nok forvente eit heiltent Start-lag. 

For Hødd sin del vil nok laget ha med seg ein god porsjon sjølvtillit før kampen mot Start, men er nok førebudd på eit heimelag som vil gå ut i hundre frå start av. Det vil derfor bli viktig i starten av kampen å stå imot med det heimelaget kjem med.

Er Hødd like solide defensivt som i dei tidlegare kampane,  så vil det nok bli ein tøff og jamne kamp mellom laga, og då kan alt skje! 

Kampstart er 15.00, og kampen kan du sjå på Brygga Sportsbar!

*Kampen kan du også sjå på TV2Play eller på Nettavisen (Direktesport).

Heia Hødd!

Annonse: