Før kampen: Stabæk – Hødd

Kampen blir spelt på Nye Nadderud måndag 27. juli klokka 19.00.

Annonse:

Billettar kan kjøpast her. Oppgjeret blir også sendt på TV 2 Play

Hødd er tilbake i OBOS-ligaen etter sommarpausen når Stabæk tek imot dei blåkvite på Nye Nadderud. To lag som avslutta vårsesongen med god flyt møtest til eit viktig oppgjer i kampen om plassane i toppen av tabellen. 

Det er venta fleire hundre Hødd-supportarar på tribunen. Kampen blir spelt i starten av Norway Cup-veka i Oslo, og mange blåkvite tek turen til Bærum for å støtte laget. Vi håpar endå fleire blir med og skaper god Hødd-stemning på Nye Nadderud! 

Hødd i storform 

Hødd gjekk til sommarpause med to imponerande sigrar. Først vart Lyn slått 4–1 på Bislett, før serieleiar Strømsgodset fekk ein tøff kveld på Høddvoll og måtte reise heim med eit 3–4-tap. Til saman scora Hødd åtte mål på dei to siste kampane før pausen. 

Etter 14 serierundar ligg Hødd på sjetteplass i OBOS-ligaen og har for alvor meldt seg på i kampen om topplasseringane. 

Isak Skotheim og Cameron Streete er begge toppscorarar med seks mål denne sesongen. Villum Dalsgaard står òg med seks nettkjenningar, men har returnert til danske Nordsjælland etter enda låneopphald. Manaf Rawufu har bidrege med to scoringar. 

Borteforma har vore oppløftande den siste tida. Hødd har teke poeng i dei to siste bortekampane etter 0–0 mot Odd på Skagerak Arena og den sterke 4–1-sigeren mot Lyn på Bislett. Totalt har dei blåkvite samla åtte poeng på sju bortekampar, med målforskjellen 9–8. 

Sterk motstand 

Etter ein skuffande sesong i fjor, då Stabæk enda bak Hødd på tabellen, har Bærum-klubben reist seg. No er dei med i kampen om direkte opprykk og har gjort Nye Nadderud til ein vanskeleg arena for motstandarane. 

Stabæk ligg på fjerdeplass før oppgjeret, seks poeng framfor Hødd. Dei tidlegare eliteseriemeisterane frå 2008 har vunne dei to siste kampane sine, og på heimebane står dei med tre strake sigrar. 

Magnus Dahlby er lagets toppscorar med ti mål. Jacob Hanstad har seks scoringar, medan Sebastian Olderheim har funne nettet fem gonger. 

Dei siste oppgjera 

2025 – OBOS-ligaen 
Hødd – Stabæk 1–3 (Skotheim) 

2025 – OBOS-ligaen 
Stabæk – Hødd 1–1 (Skotheim) 

2013 – OBOS-ligaen 
Stabæk – Hødd 2–1 (Magnussen) 

2013 – OBOS-ligaen 
Hødd – Stabæk 1–0 (Aursnes) 

2005 – OBOS-ligaen 
Stabæk-Hødd 4-1 (Tollås) 

Klar for ny utfordring 

Hødd fekk ei draumeavslutning på vårsesongen og har skaffa seg eit solid utgangspunkt før hausten. No ventar ei ny utfordring mot eit av laga som siktar mot Eliteserien. 

Med fleire hundre blåkvite supportarar på tribunen ligg alt til rette for ein flott fotballkveld på Nye Nadderud. Kan Hødd ta med seg poeng heim frå Bærum og byggje vidare på den sterke forma? Svaret får vi måndag kveld klokka 19.00. 

Annonse fra Obos-ligaen: