Før kampen: Skeid - Hødd

A-laget spelar årets første bortekamp, og er klare til å møte Skeid på søndag.

Etter 1-0 siger i serieopninga mot Raufoss på Høddvoll sist, er A-laget no klare for årets første bortekamp mot Skeid.

No skal det jaktast nye poeng på Nordre Åsen!

Søndagens motstandar Skeid hadde ein trå start på sesongen med fire mål i sekken og eit raudt kort. Sandnes Ulf vann til slutt 4-1 og Skeid måtte derfor reise heim til Oslo med null poeng. 

No er det ny kamp og klart for årets første heimekamp på Nordre Åsen for Skeid, og vi må nok forvente eit heiltent heimelag i morgondagens kamp. 

Tidlegare Hødd-spelar Bendik Rise, no Skeid-kaptein vil også stå på motsatt banehalvdel når laga skal kjempe om poenga. Det blir nok spesielt for spelaren som har vakse opp og spelt for Hødd frå tidleg alder. 

For Hødd sin del reiser laget nedover med ein god porsjon sjølvtillit, men er nok førebudd på eit heimelag som vil gå ut i hundre frå start av. Men fortsetter Hødd den solide defensive jobben, vil det nok bli ein tøff og jamne jamne kamp mellom laga og då kan alt skje! 

Kampstart er 15.00 på søndag, og kampen kan du sjå på Brygga Sportsbar!

Heia Hødd!

Annonse: