Før kampen: Nest-Sotra-Hødd

Hødd reiser på besøk til serieleiaren.

Annonse:

Nest-Sotra toppar tabellen med sju serierunder igjen av årets PostNord avdeling 2.

Søndag kl. 14.00 er Hødd på plass på Ågotnes, med mål om poeng i det som på papiret er årets vanskeligaste seriekamp.

Hødd har imidlertid vist mykje godt spel etter sommarpausa, og har plukka sju poeng på sine tre siste kampar. Dei blåkvite ligg på 8. plass på tabellen, men det er berre fem poeng opp til 4. plassen.

Det er andre helg på rad med bortekamp for Hødd. Forrige søndag vart det 1-1 borte mot heimesterke Nardo. Torbjørn Kallevåg (bilete) scora på straffe. 

Gode på heimebane er også Nest-Sotra, som er ubesigra heime på Ågotnes. Laget har spelemessig imponert denne sesongen, men forrige helg vart det "berre" 1-1 borte mot Fana. Merk også at laget har avgitt poeng i halvparten av dei seks siste kampane. Det bør vere innanfor rekkevidde å ta med seg poeng heim frå Sotra for Hødd-gutta.

Vårmøtet på Høddvoll vart ei fartsfull affære. Torbjørn Kallevåg sende Hødd tidlig i leiing, men Nest-Sotra kom tilbake med to raske scoringar etter timen. Jesper Tørnqvist utlikna for Hødd, men bortelaget snappa sigeren med få minutt igjen på klokka.

Det blir fort fartsfullt søndag mellom topplaget og eit Hødd-lag i bra form. Kampen kan du sjå direkte på smp.no. 

Annonse fra Obos-ligaen: