Før kampen: KFUM - Hødd

I kveld spelar Hødd ny kamp i OBOS-ligaen når laget møter KFUM borte på KFUM-Arena.

 
KAMPFAKTA
Kamp: KFUM - Hødd
Bane: KFUM-Arena
Dato: Onsdag 23. august
Tid: Kl. 18:00
 

Etter ei periode der laget var litt ute av form, så har det våre mykje positivt å ta med seg frå dei to siste kampane!

Mot Bryne kunne det fort ha endt med poeng på Jæren, men dessverre vart det stang ut i ein kamp der Hødd var best i store delar av kampen. Men energien, løpskrafta, duellstyrken og viljen var tilbake i laget, og dette viste teikn på at noko bra var i vente, tross eit 2-1 tap.

For i neste kamp skulle sigeren endeleg kome igjen og årets andre siger på heimebane i årets OBOS-liga!

Hødd gjekk rett i strupen på Skeid frå start av og allereie etter 3 minutt kunne Scriven stusse ballen i mål etter eit langt innkast frå Sundnes. Hødd var aldri noko særleg truga av Skeid og bortelaget skapte knapt ein sjanse.

Men for Hødd sin del var ikkje det siste målet kome. Eit flott angrep vart avslutta med eit godt innlegg frå Bonde på bakerste stolpe, og der kunne Mogensen sette enkelt inn sitt første mål i Hødd-drakta.


Rett før ferien spelte Hødd heime mot KFUM og dessverre endte det med 0-1 tap på heimebane. Tross tapet var kampen jamne mellom laga. Det var også kampen i vinter når laga møtte kvarandre til ein treningskamp på KFUM-Arena.


Sjølv om KFUM ligger heilt i toppen av OBOS-ligaen, så trur vi at kampen blir tett og jamne mellom laga. Her vil nok effektiviteten vere avgjerande for kva lag som går av med sigeren. KFUM gjekk også på eit 4-2 tap mot Ranheim sist.

Om Hødd klarer å bygge vidare på sigeren sist, samt gå ut med mykje energi på bana slik som vi har sett i dei siste kampane, så trur vi Hødd kan skape trøbbel for KFUM og ta med seg poeng heim til Ulsteinvik.

Vi ønsker laget lykke til i kampen mot KFUM!

*Kampen kan du sjå på Brygga Sportsbar, TV2Play eller på Nettavisen (Direktesport).

Annonse: