Før kampen: Hønefoss - Hødd

Førstkomande søndag reiser A-laget til Austlandet for å møte Hønefoss.

Annonse:

Hønefoss har hatt ein tøff start på sesongen. Etter elleve runder i PostNord-ligaen har laget berre éin siger. Denne kom mot Vindbjart i tredje serierunde. Elles har det blitt fire uavgjorte kampar, og seks tap. Hønefoss-legenda Frode Lafton, som har over 500 kampar for klubben, er hovudtrenar. Joachim Magnussen, som gav seg i Hødd før årets sesong, spelte for austlandsklubben i 2011 og 2012.

Siste fem kampar:

  • Vard - Hønefoss 2-0
  • Hønefoss - Fram 0-2
  • Bryne - Hønefoss 2-1
  • Hønefoss - Odd2 3-3
  • Fana - Hønefoss 2-1
K P
3 Haugesund 0 0
4 Hødd 0 0
5 Kongsvinger 0 0
6 Lyn 0 0

Skal du på kampen? Billettinformasjon finn du her.

Tidlegare oppgjer

Sidan 2011 har laga møttest seks gongar. Begge laga har vunne to kampar, fått seks gule kort og scora åtte mål. Hødd sine målscorarar i desse oppgjera var Robin Shroot (3), Espen Standal, Adama Diomande, Torbjørn Kallevåg, Ole Amund Sveen og Joachim Magnussen.

Joachim scora også for Hønefoss mot Hødd i 2011, målet kan du sjå her.

Skjermbilde 2017-06-27 kl. 12.27.10
Skjermdump frå fotball.no

Kampinfo

  • Hønefoss - Hødd

  • Søndag 02.07.2017 - 14.00

  • AKA Arena

  • Dommar: Magnus Nicolai Koløy


Header: Jan Henrik Djupvik, smp.no
Kjelder: honefossbk.no, fotball.no, nrk.no

Annonse fra Obos-ligaen: