Før kampen: Hødd-Vindbjart
Formsterke Hødd møter Vindbjart for første gong på Høddvoll.
Vindbjart er eit heilt nytt bekjentskap for Høddvoll-publikummet. For første gong i historia kjem Sørlandsklubben på besøk til Ulsteinvik.
Då laga møttes på Vennesla tidligare denne sesongen enda det 2-2 på Moseidmoen. Heimelaget leia 2-0 i ein kamp der Jan Lennart Urke vart utvist. Men scoringar av Badr Rahhaoui (bilde) og Torbjørn Kallevåg på slutten redda eit Hødd-poeng.
No er Hødd i ei heilt anna form. Dei blåkvite er ubesigra på sine seks siste kampar, tre sigrar og tre uavgjort. Men der mellom anna topplaga Notodden og Nest-Sotra var heldige som kom unna med eit poeng mot Hødd. Forrige helg vart det ein sterk 3-0-siger borte mot fjerdeplasserte Vidar.
Hødd har plukka 17 poeng på 11 heimekampar denne sesongen. Sist vart det 2-2 mot Notodden, medan Fana vart sendt heim med firemålstap i kampen før det.
Nettopp Fana var motstandar forrige helg for Vindbjart, som tapte 1-3 mot bergensarane. Dei lyseblå har fire kampar på rad utan siger, og ser no nedrykksstreken i kvitauge. Dei ligg no to poeng foran Odd 2.
Borte har Vindbjart tapt ni av 11 kampar denne sesongen. Den store obs-spelaren på Vennesla-laget er 192 høge Øyvind Løkkebø Gausdal. 31-åringen har vore ein notorisk målscorar i mange år, og er toppscorar i klubben gjennom alle tider. Denne sesongen står han med 18 seriescoringar.
Kampstart er søndag kl. 18.00. Det betyr flomlyskamp på Høddvoll. Portane opnar ein time før, og vi ønskjer alle velkomen på kamp!