Før kampen: Hødd – Strømsgodset
Kampen blir spelt på Høddvoll laurdag 4. juli klokka 16.00. Toppfotball Billettar og kampdagsinfo
Billettar kan kjøpast her. Oppgjeret blir også sendt på TV 2 Play.
Det ligg an til ein skikkeleg toppkamp på Høddvoll når serieleiar Strømsgodset tek turen til Ulsteinvik for første gong på 20 år. Hødd kjem inn i oppgjeret med fire poeng frå dei to siste kampane etter sterke prestasjonar borte mot Odd og Lyn. Med poeng laurdag kan dei blåkvite gå inn i sommarpausen for fullt med i kampen om kvalifiseringsplassane til opprykk.
Hødd i form
Hødd følgde opp det sterke bortepoenget mot Odd med ein overbevisande 4–1-siger over Lyn på Bislett sist helg. Cameron Streete stod for to praktfulle scoringar, Villum Dalsgaard banka ballen i krysset, medan Isak Skotheim igjen viste kvifor han har vore ein av OBOS-ligaens mest imponerande spelarar denne sesongen med både målgivande pasning og scoring. Bakerst leverte Thomas Kinn nok ein strålande kamp og var ein avgjerande grunn til at Hødd kunne reise heim med tre poeng.
På Høddvoll har Hødd vunne tre av seks kampar denne sesongen. Sandnes Ulf, Åsane og Egersund har alle reist heim utan poeng, og no ventar den største heimeutfordringa så langt i år.
Mirza Mulac er tilbake etter soning av karantene og er tilgjengeleg igjen. Samtidig har toppscorar Villum Dalsgaard returnert til FC Nordsjælland etter at låneopphaldet i Ulsteinvik gjekk ut.
Isak Skotheim står med fem scoringar og to målgivande pasningar denne sesongen, medan Cameron Streete også har funne nettet fem gonger.
Serieleiaren kjem til Høddvoll
Strømsgodset har eitt klart mål denne sesongen: å returnere til Eliteserien på første forsøk etter nedrykket i fjor. Før siste serierunde før sommarpausen toppar drammenserane tabellen i OBOS-ligaen.
Dette blir det første møtet mellom Hødd og Strømsgodset på 20 år. Dei to siste oppgjera på Høddvoll har gitt heile 16 scoringar – eit snitt på åtte mål per kamp.
Sist laga møttest, i 2006, enda sesongen med opprykk for Strømsgodset. Sju år seinare kunne dei kongeblå feire sitt andre seriegull i historia.

Strømsgodset er ubesigra etter dei 12 første kampane i OBOS-ligaen, men kjem frå to strake uavgjorde oppgjer mot Odd og Kongsvinger. På bortebane har dei to sigrar, tre uavgjorde og eitt tap denne sesongen.
Den danske spissen Sebastian Pingel har vore ligaens nest mest målfarlege spelar med 14 seriemål. Bak han på toppscorarlista i Godset følgjer Marcus Mehnert med seks scoringar og Herman Stengel med fem.
Dei fem siste oppgjera
2006 (OBOS-ligaen): Hødd – Strømsgodset 3–5
Mål for Hødd: Hovel Heiås, Klock, Teigen
2006 (OBOS-ligaen): Strømsgodset – Hødd 1–1
Mål for Hødd: Hoseth
2005 (OBOS-ligaen): Hødd – Strømsgodset 4–4
Mål for Hødd: Stavseng (2), Vaagen, Sandal
2005 (OBOS-ligaen): Strømsgodset – Hødd 4–1
Mål for Hødd: Haugland
1983 (2. divisjon): Hødd – Strømsgodset 1–3
Mål for Hødd: Sundgot