Før kampen: Hødd – Stabæk
Kampen blir spelt på Høddvoll søndag 30. august klokka 17.00. Toppfotball Billettar og kampdagsinfo
Det er gratis inngong på Høddvoll, og gratisbillettane kan du hente ut her. Oppgjeret blir også sendt på TV 2 Play.
Det er duka for toppkamp på Høddvoll når serieleiar Stabæk kjem på besøk søndag. Bortelaget er i kalasform med ni strake sigrar i liga og cup. Hødd har på si side vunne fem av dei siste sju kampane. Med gratis inngong er dette ein kamp du ikkje vil gå glipp av – ta med familie, vener og kjende og bli med på fotballfest på Høddvoll!
Hødd vil slå tilbake
Hødd ligg på 5. plass på tabellen etter ein sterk periode, men måtte sjå seg slått 3–1 borte mot Strømsgodset i midtveka.
Heime på Høddvoll har dei blåkvite likevel vore svært solide. Hødd står med tre strake sigrar i OBOS-ligaen på heimebane og har totalt seks sigrar, éin uavgjort og to tap framfor eigne fans så langt denne sesongen.
No ventar serieleiaren – og ein gyllen moglegheit til å slå tilbake etter det tunge 0–6-tapet på Nadderud i slutten av juli.
Isak Skotheim har levert ein sterk sesong og står med 11 målpoeng, fordelt på åtte scoringar og tre målgivande pasningar. Cameron Streete har også vore ein viktig bidragsytar offensivt, med åtte nettkjenningar så langt.
Stabæk i storform
Stabæk er på full fart tilbake mot Eliteserien og er formlaget i OBOS-ligaen. Vi må tilbake til juni for å finne sist gong laget gjekk på poengtap.
På bortebane står Stabæk med fem sigrar, to uavgjorte og to tap denne sesongen. Sist laga møttest, enda det med ein solid 6–0-siger til bæringane på nye Nadderud.
Magnus Dahlby har bøtta inn mål for Stabæk og står med heile 16 scoringar i OBOS-ligaen. Nærast følgjer Jacob Hanstad med fem.
Siste fem oppgjer mellom laga
2026 - OBOS-ligaen: Stabæk–Hødd 6–0
2025 - OBOS-ligaen: Hødd–Stabæk 1–3 (Skotheim)
2025 - OBOS-ligaen: Stabæk–Hødd 1–1 (Skotheim)
2013 - OBOS-ligaen: Stabæk–Hødd 2–1 (Magnussen)
2013 - OBOS-ligaen: Hødd–Stabæk 1–0 (Aursnes)
No lagar vi ei stor ramme rundt toppkampen!
Det er gratis inngong. Det er toppkamp. Det er serieleiaren som kjem på besøk. Og Hødd har noko å revansjere.
No håper vi at flest mogleg tek turen til Høddvoll!
Ta med familien, venegjengen, naboen eller kollegaen og bli med på å skape ei flott ramme rundt oppgjeret. Når tribuna fyllest med blåkvite supportarar, merkast det både på bana og rundt laget.
Søndag skal vi saman gi Hødd dei beste føresetnadene for å slå tilbake mot serieleiaren.
Gratis inngong – hent billetten din, ta med deg folk og kom på kamp!
Hødd – Stabæk
Høddvoll søndag 30. august kl. 17.00
Vi sjåast på Høddvoll!