Før kampen: Hødd - Sogndal

Laudag spelar Hødd ny kamp i OBOS-ligaen når laget møter Sogndal heime på Høddvoll.

KAMPFAKTA
Kamp: Hødd - Sogndal
Bane: Høddvoll
Dato: Laurdag 21. oktober
Tid: Kl. 15:00
 

No går vi inn i ein spennande serieinnspurt der mykje skal avgjerast dei neste vekene. I dag er Hødd på nedrykksplass, men vegen opp er kort med to poeng bak Jerv som har kvalifiseringsplassen. Med siger laurdag kan Hødd klatre forbi Jerv, om laget frå Grimstad taper eller spelar uavgjort heime mot Kongsvinger. 

Kjøp kampbillett her!

 

Første hinder i dei fire siste kampane av sesongen er Sogndal, eit lag vi ikkje har møtt i ein offisiell kamp på Høddvoll sidan 2019-sesongen. Då møtte laga kvarandre i NM, der Hødd tapte 0-2 på heimebane. Siste kamp laga barka i saman i seriesamanheng på Høddvoll var i 2015, då begge laga spelte i OBOS. Då enda kampen med 1-0 scoring etter eit mål av stopparbautaen Steffen Moltu.

I år kjempar laga i kvar sin enda av tabellen. Hødd for å stå i divisjonen, og Sogndal om ein kvalifiseringsplass til Eliteserien. 

Når laga møtte kvarandre på Fosshaugane Campus tidlegare i år, så enda kampen med ein knapp 1-0 siger til Sogndal. 


Sogndal har i år vore klart best heime, og har ikkje den beste bortestatistikken å vise til, og vi veit at alt kan skje i serieinnspurten. Hødd på si side har hatt litt stang ut i det siste, til tross for at laget har prestert bra og burde plukka litt fleire poeng. Men kanskje snur det laurdag når Sogndal kjem på besøk og vi kan innkassere årets fjerde siger på heimebane?

Uansett blir det ein tette og jamne kamp som vi håpe bikka i Hødd sin favør.

Møt opp, ta med skjerf, flagg og farg Høddvoll blå 💙⚽️

Vi ønsker laget lykke til i kampen mot Sogndal!

Annonse: