Før kampen: Hødd - Sandnes Ulf
Les deg opp til kampen mellom Hødd og Sandnes Ulf! Toppfotball Billettar og kampdagsinfo
Det er klart for serieopning på Høddvoll når nyopprykka Sandnes Ulf kjem på besøk. Dette vert også debuten for Hødd sin nye trenar Ivan Poulsen (henta frå Odense) og hans team, som overtok etter at Marius Bøe tok dei blåkvite til 10. plass i OBOS-ligaen.
Kjøp kampbillett her!
Hødd har gjort følgande på overgangsmarkedet i vinter:
Inn: Sebastian Biller (sesonglån Silkeborg), Sean Nilsen-Modebe (sesonglån Tromsø), Villum (halvårslån frå Nordskjælland), Ola Lerheim Olsen (2-årskontrakt frå Fjøra), Thomas Kinn (1-årskontrakt frå FC Oulo), Aksel Bergssvik (2-årskontrakt frå Viking) og Careron Streete (2-årskontrakt frå Landskrona).
Ut: Ola Visted (Viking), Magnus Holte (Rosenborg), Sebastian Haugland (Thor Akureyri), Marius Ulla (Stabæk) og Ole Monrad Alme (Hareid).
Hødd har spelt 10 treningskampar i vinter med fylgjande resultat:
Sandnes Ulf vann si 2. divisjonsavdeling i fjor, og rykka dermed opp på fyrste forsøk. Laget som spelte i Eliteserien mellom 2012 og 2014, er dermed klare for sin 11. sesong på nivå 2 dei siste 12 åra.
Her er resultat frå treningskampane i vinter:
Hødd og Sandnes Ulf møttes sist i 2023-sesongen. Då vart det 1-1 på Høddvoll, medan Hødd vann 3-1 på Øster Hus Arena.
Skader og suspensjoner:
Ingen av våre spelarar er suspendert til kampen. Vegard Håheim-Elveseter er ute med skade fram til sommaren, medan Tage Johansen er ute for sesongen med skade. Lagoppstillinga får du på våre sosiale medier ein time før kampstart.