Før kampen: Hødd – Moss
Kampen blir spelt på Høddvoll søndag 2. august klokka 17.00. Toppfotball Billettar og kampdagsinfo
Billettar kan kjøpast her. Oppgjeret blir også sendt på TV 2 Play.
Hødd ligg på 6. plass på tabellen halvvegs i sesongen og har dermed den siste kvalifiseringsplassen til opprykk. I den siste heimekampen før sommarpausen vart dåverande serieleiar Strømsgodset sendt heim med tap. Søndag ventar eit Moss-lag som kjem til Høddvoll etter fire strake tap.
Heile 400 Hødd-supportarar hadde teke turen til Nye Nadderud måndag, men fekk sjå Hødd gå på sitt første stortap for sesongen mot Stabæk. No får dei blå og kvite høve til å slå tilbake framfor eigne supportarar. På Høddvoll har laget vore sterke denne sesongen, med fire sigrar på dei sju første heimekampane. I den førre heimekampen vart det ein imponerande 4–3-siger mot Strømsgodset.
Sommarens nykomarar fekk sine første minutt i Hødd-drakta mot Stabæk. Både Martin Håheim-Elveseter og Jon Berisha debuterte i Oslo, medan den danske målvakta Oscar Buur denne veka slutta seg til troppen på lån frå FC København og er aktuell for spel.
Isak Skotheim og Cameron Streete er Hødd sine toppscorarar denne sesongen med seks mål kvar. Det er like mange som Villum Dalsgaard rakk å score før han returnerte til danske Nordsjælland etter låneopphaldet. Manaf Rawufu har bidrege med to scoringar.
Motstandaren
Moss var i nedrykkskvalifisering i fjor, men berga plassen etter siger i straffesparkkonkurranse. Dei gulkledde fekk ein strålande start på årets sesong, men resultata har gått feil veg etter det.
Etter berre éin siger på dei siste åtte kampane og fire strake tap vart klubben og hovudtrenar Ole Martin Nesselquist denne veka einige om å avslutte samarbeidet.
Moss ligg på 12. plass på tabellen og vann 1–0 då laga møttest på Melløs i april. På bortebane har austfoldingane tre sigrar og fire tap denne sesongen.
Oscar Aga er lagets toppscorar med åtte mål, medan Julian Lægreid og Niclas Semmen står med fire scoringar kvar.
Dei siste oppgjera
2026 – OBOS-ligaen
Moss – Hødd 1–0
2025 – OBOS-ligaen
Hødd – Moss 2–1 (Haugland, Rawufu)
2025 – OBOS-ligaen
Moss – Hødd 3–1 (Kallevåg)
2023 – OBOS-ligaen
Moss – Hødd 3–0
2023 – OBOS-ligaen
Hødd – Moss 1–1 (Scriven)
Vel møtt på Høddvoll!
Haustsesongen er i gang, og kvart poeng blir stadig viktigare i kampen om opprykk. Hødd har allereie vist at laget kan slå dei beste på Høddvoll. No håpar vi mange tek turen for å skape ei flott ramme og løfte dei blå og kvite fram mot tre nye poeng.