Før kampen: Hødd – Lyn

Kampen blir spelt på Høddvoll søndag 13. september klokka 17.00.

Annonse:

Billettar kjøper du her. Oppgjeret blir også sendt på TV 2 Play.

Med ni serierundar igjen ligg Hødd på 5. plass og er dermed for fullt med i kampen om opprykkskvalifisering. Hødd vann 4–1 då laga møttest på Bislett i juni, men sidan då har Lyn berre eitt tap på ni kampar i serie og cup. Det er duka for ein spennande kamp på Høddvoll!

Hødd går ei rysare av ei sesongavslutning i møte. Odd ligg eitt poeng bak dei blåkvite, medan Bryne, som ligg utanfor playoff-plassane, er fire poeng bak. Heime på Høddvoll står Hødd med fire strake sigrar i OBOS-ligaen.

Isak Skotheim er seld, medan Mathias Kaarsbo, Kasper Abrahamsen og Charles Ondo vart henta inn på Deadline Day. Kaarsbo debuterte og var Hødd sin bestemann i 2–2-kampen mot Åsane, medan Abrahamsen også fekk sin debut. Ondo kan få sin Hødd-debut mot Lyn.

Lyn fekk ein tøff start på sesongen, men har vore i god form etter sommarpausa. Gutta frå Oslo vest ligg på 9. plass på tabellen. Etter tre strake sigrar har Lyn no spelt uavgjort mot både Kongsvinger og Egersund.

Siste fem oppgjer mellom laga

2026: OBOS-ligaen: Lyn–Hødd 1–4 (Streete 2, Dalsgaard, Skotheim)
2025: OBOS-ligaen: Hødd–Lyn 0–1
2025: OBOS-ligaen: Lyn–Hødd 0–1 (Myrlid)
2023: OBOS-ligaen: Hødd–Lyn 1–2 (Skeide)
2023: OBOS-ligaen: Lyn–Hødd 3–0

Klare for ein ny thriller på Høddvoll

Alt ligg til rette for ein ny spennande kamp på Høddvoll. Ni serierundar står att, og kvar kamp blir stadig viktigare i kampen om playoff-plassane. Med fire strake heimesigrar i OBOS-ligaen har Hødd vist at Høddvoll er ein tøff arena å besøke.

Søndag kjem Lyn til Ulsteinvik – og dei blåkvite går for ein ny siger i jakta på opprykkskvalifisering.

Kampstart er klokka 17.00. Vi sjåast på Høddvoll!

Annonse fra Obos-ligaen: