Før kampen: Hødd - Herd

Endeleg seriestart når Hødd møter Herd til årets første kamp på Høddvoll, onsdag kl. 18.30!

Annonse:

Etter ein lang vinter med mykje trening og fleire treningskampar er damelaget no klare for seriestart! 

I påska reiste laget til Tyrkia for å finpusse forma. Her vart det gjennomført gode treningar, og ein treningskamp mot det Islandske laget Einherji. Til tross for tap eit 1-0 tap gjennomførte damelaget ein svært god prestasjon. 

Bileteserie treningsleiren i Tyrkia

No venta Herd i serieopninga onsdag kveld, og hovudtrenar Ronny Osnes seier dette om treningsleiren og kampen mot Herd. 

- Då er det endeleg seriestart! Vi har lagt bak oss ei oppkøyring med bra kampar og resultat, og der vi har arbeida godt på feltet og i styrkerommet. Vi har nettopp heimkomne frå treningsleir i Tyrkia, der vi også jobba godt. Vi styrka oss som gruppe både sosialt og sportsleg, og styrka kulturen nokre hakk vidare. I tillegg spelte vi ein god kamp mot ein sterk motstandar, som gav oss vidare læring som spelargruppe og fotballspelarar.

Målet for sesongen er å kvalifisere seg til Fylkesserien

- Spelargruppa hadde ein debatt om målsetting førre veke, og vart einige om at å kvalifisere seg til Fylkesserien i haust er eit naturleg steg for oss. Då må vi bli mellom dei tre beste laga på Sunnmøre no i vårsesongen, og det kan vere innan rekkevidde. Men det blir tett og jamne kampar framover! Og det starta allereie ved sesongstart.

Skal gå ut å vere oss sjølve og spele vårt spel

- Motstandar i første runde er Herd, som kjempa tappert for å unngå nedrykk frå 2. divisjon førre sesong, men lukkast til slutt ikkje å unngå å ta steget ned. Vi kan derfor rekne med ein motstandar som vil gi oss ein sterk kamp, og eit nytt svar på kva vår status er.

- Vi skal gå ut å vere oss sjølve og spele vårt spel med solid forsvarsspel, intensitet og variert angrepsspel. Det trur eg vil gi ein god og underhaldande kamp å få med seg, og med ein god prestasjon så tenker eg det er gode moglegheiter for Hødd-scoringar og 3 poeng. 

Vi ønskjer laget lukke til i kampen mot Herd!

 

Annonse fra Obos-ligaen: