Før kampen: Hødd-Egersunds IK

Hødd møter Egersunds IK for første gang i historia laurdag kl. 16.00.

Annonse:

Hødd og Egersunds IK har aldri møtt kvarandre, og tabellnaboane treng begge poeng for å kome seg vekk frå nedrykksstrid-suget.

Egersunds IK kjem frå ein 4-0-siger mot Fana, og fekk med seg eit poeng i kampen før det også borte mot Odd 2. Dei gulsvarte er eit av få lag som har plukka fleire poeng borte enn heime denne sesongen. På seks bortekampar til no denne sesongen, står laget berre med eit tap, men heile fire av kampane har enda med poengdeling.

Hødd kjem frå to strake tap, og må dermed heller sjå seg over skuldera enn oppover på tabellen, men det kan fort endre seg med ein trepoengar på laurdag. Heime på Høddvoll er halvparten av dei seks seriekampane vunne så langt denne sesongen.

Vi minner om kampdags-kampanjen denne gongen som er gratis Hødd-skjerf til dei 50 første på stadion med sesongkort eller som har løyst billett.

Stadionportane opnar kl. 15.00.

Kjøp billett her!

Vi sjåast på Høddvoll!

Kampinfo

  • Hødd - Egersunds IK

  • Laurdag 8. juli kl. 16.00

  • Høddvoll

Annonse fra Obos-ligaen: