Før kampen: Hødd - Åsane

Kampen blir spelt på Høddvoll fredag 1. mai kl. 16.00.

Annonse:

Billettar kan kjøpast her! Kampen blir også vist på TV2Play.

Det ligg an til ein tidleg nøkkelkamp på Høddvoll når botnlaget Åsane kjem på besøk til Ulsteinvik. Hødd har opna sesongen med same poengfangst som på same tid i fjor etter fire kampar, men med noko betre målforskjell.

Åsane står framleis utan poeng i årets OBOS-liga.

Hødd vann serieopninga mot Sandnes Ulf, og fekk med seg eitt poeng borte mot Raufoss førre helg. I mellomtida har både Haugesund og Moss vorte for sterke. Fire poeng så langt er ein grei start, men det er samstundes ei klar forventning om poeng mot Åsane.

For Hødd har Isak Skotheim, Sean Nilsen-Modebe og Cameron Streete teikna seg på scoringslista så langt i sesongen.

Åsane er inne i sin sjette strake sesong i OBOS-ligaen, og har spelt på nivå to i 11 av dei siste 12 åra. Dei oransjekledde har fått ein tung start på sesongen, med fire tap og ein målforskjell på 6–14. I tillegg har laget eitt minuspoeng etter brot på økonomiske rapporteringskrav.

Erik Grønner har scora tre mål så langt, medan tidlegare Brattvåg-toppscorar Leonardo Rossi står med to nettkjenningar. Tidlegare Brann-profil Kristoffer Barmen er framleis ein nøkkelspelar i Åsane og har også notert seg for eitt mål.

Siste fem kampar mot Åsane

  • 2025 (liga): Hødd – Åsane 3–3
    Målskårarar: Visted, Johansen, Haugland 
  • 2025 (liga): Åsane – Hødd 2–2
    Målskårarar: Skotheim, Haugland 
  • 2023 (liga): Åsane – Hødd 1–0 
  • 2023 (liga): Hødd – Åsane 1–1
    Målskårar: Sundnes 
  • 2016 (liga): Åsane – Hødd 1–1
    Målskårar: Kallevåg

Skadar og suspensjonar

Ingen spelarar er suspenderte.
Vegard Håheim Elveseter og Tage Johansen er ute med langtidsskadar.

Annonse fra Obos-ligaen: