Før kampen: Hødd - AaFK

Onsdag 1. april kl. 13.00 er det generalprøve for Hødd heime mot AaFK. Les deg opp før kamp:

Annonse:

Neste veke er det serieopning på Høddvoll når Sandnes Ulf kjem på vitjing, og kampen mot AaFK markerer slutten på oppkøyringa for dei blåkvite. Hødd kjem frå ein 1–0-siger borte mot Åsane etter scoring av Villum Dalsgaard. I førre heimekamp vart det 4–0 mot Førde. Villum skåra også der, i tillegg til eit hattrick av Sean Nilsen-Modebe.

AaFK er i gang med kampane i Eliteserien. Etter tap heime mot Lillestrøm vart det eitt poeng borte mot Start i førre kamp. Laget er også klare for semifinale i NM-cupen.

Då Hødd og AaFK møttest i fjor haust i OBOS-ligaen, enda kampen 0–0. Det var 3475 tilskodarar på Høddvoll denne novemberdagen.

Sjølv om det berre er treningskamp no, er det verdt å nemne at sidan 1968 har Hødd og AaFK møttest 46 gonger i serien. Hødd har eit klart historisk overtak med 21 sigrar mot AaFK sine 12. Poengdeling har skjedd 13 gonger.

Kjøp kampbillett her!

 

*Dei med sesongkort skanner sesongkortet som vanleg ved inngangen på stadion. Alle andre må løyse billett til kampen. Barn U14 har gratis inngang, men må også løyse billett.

Kampen mot AaFK vert vist på Sunnmørsposten og Vikebladet.

Forfall:

Sean Nilsen-Modebe spelar landskampar for Noreg U19 mot Frankrike, Kroatia og Sveits, og er difor ikkje med. Marcus Mikhail og Jesper Robertesen slit begge med småskadar, men det er venta at dei rekk seriestarten mot Sandnes Ulf. Lagoppstillinga får du på dei sosiale mediene våre ein time før kampstart.

Annonse fra Obos-ligaen: