Før kampen: Hødd – Sogndal
Kampen blir spelt på Høddvoll laurdag 16. mai klokka 16.00. Billettar kan kjøpast på førehand, og kampen blir også vist på TV 2 Play. Toppfotball Billettar og kampdagsinfo
Billettar kan kjøpast her!
Det er det næraste vi kjem eit lokaloppgjer denne sesongen når Sogndal tek turen til Høddvoll på sjølvaste 16. mai. Vi må heilt tilbake til 2015 for å finne førre gong Hødd spelte heimekamp på denne datoen i OBOS-ligaen. Den gong enda det med ein solid 4–0-siger mot Åsane framfor 2 034 tilskodarar på Høddvoll.
I fjor farga nærmare 1 000 Hødd-supportarar bortefeltet blått på eit fullsett Color Line Stadion på same dato.
Hødd med medvind
Hødd flørtar med playoff-plassane før storkampen på Høddvoll. Tre kampar på rad utan tap og to strake sigrar er status før Sogndal kjem på besøk.
På heimebane har dei blåkvite teke seks av ni moglege poeng så langt denne sesongen. Isak Gabriel Skotheim er toppscorar med to nettkjenningar.
Sogndal jaktar opprykk
Sogndal er inne i sin niande strake sesong i OBOS-ligaen etter nedrykket frå Eliteserien i 2017. Kvittrøyene har eit tydeleg mål om å kjempe i toppen og vere med i opprykksstriden, men fekk ein tøff start på årets sesong.
Sigrar mot Haugesund og Åsane, kombinert med uavgjort mot Bryne, har likevel gitt ny optimisme i saftbygda. Særleg 5–1-sigeren mot Haugesund i førre runde var imponerande – for ordens skuld same resultat som Sogndal slo Hødd med i treningskamp i vinter.
På eit offensivt sterkt lag er Tuomas Pippola toppscorar med fire mål.
Siste fem oppgjer mot Sogndal
- 2025, liga: Sogndal – Hødd 2–1 (Haugland)
- 2025, liga: Hødd – Sogndal 2–1 (Skotheim, Myrlid)
- 2023, liga: Hødd – Sogndal 2–2 (Scriven, Tøsse)
- 2023, liga: Sogndal – Hødd 1–0
- 2019, NM: Hødd – Sogndal 0–2