Før kampen: Hødd – Egersund

Kampen blir spelt på Høddvoll måndag 25. mai klokka 17.00.

Annonse:

Billettar kan kjøpast her, og kampen blir også vist på TV 2 Play.

Hødd har eitt tap på dei fem siste kampane, medan Egersund har éin siger på same periode. Det er status før dei to laga, som ligg på høvesvis 9.- og 7.-plass i OBOS-ligaen, møtest i den niande serierunden.

Hødd står med to sigrar, to uavgjorde og eitt tap på dei fem siste kampane. På heimebane på Høddvoll har dei blåkvite teke sju av tolv moglege poeng. Sist vart det 2–2 mot Sogndal på 16. mai.

Villum Dalsgaard og Cameron Streete er Hødd sine toppscorarar så langt denne sesongen, med tre mål kvar. Begge fann nettmaskene då Hødd tapte borte mot Ranheim onsdag.

Då laga møttest på Høddvoll i slutten av juli i fjor, vann Hødd 1–0 etter scoring av Isak Skotheim.

Bilete av Vegard og Martin etter kampen i fjor.
Bilete av Vegard og Martin etter kampen i fjor.

Egersund har imponert med å sikre playoff-plass i begge dei to første sesongane sine i OBOS-ligaen. Klubben frå Okka by opna årets sesong med tre strake sigrar, men har sidan teke fire poeng på dei fem neste kampane. Etter to strake tap vart det poengdeling heime mot Lyn Fotball sist.

Laget mista trenar Endre Eide til FK Haugesund i slutten av april, og assistenttrenar Marius Kjørvik Johansen har teke over som hovudtrenar.

Hødd sitt rekordsal, Martin Håheim-Elveseter, gjorde overgangen til dei gulsvarte permanent i vinter etter å ha vore utlånt frå Sarpsborg 08 hausten 2025.

Nicolaj Torvig Hansen er toppscorar for Egersund med tre nettkjenningar, medan frisparkspesialisten Scott Vatne og spissen Oscar Kapskarmo står med to scoringar kvar.

Siste fem kampar mot Egersund

  • 2025, liga: Egersund–Hødd 0–0 
  • 2024, liga: Hødd–Egersund 1–0 (Skotheim) 
  • 2019, liga: Hødd–Egersund 0–2 
  • 2019, liga: Egersund–Hødd 5–1 (Hasund) 
  • 2018, liga: Hødd–Egersund 2–2 (Haugan, Osvold) 

Skadar og suspensjonar

Ingen av Hødd sine spelarar er suspenderte før oppgjeret. Vegard Håheim Elveseter og Tage Johansen er framleis ute med langtidsskadar.

Annonse fra Obos-ligaen: