Før kampen: Herd - Hødd

Det ventar ein ny vanskeleg bortekamp mot tabellnabo, Herd! Avspark i dag klokka 18:15 på AMFI Moa Stadion

Etter to heimekampar på rad, og full pott! var det no tur for to tøffe bortekampar. Forgje runde ende med 3-1 tap borte mot eit sterkt Aafk Fortuna2 lag. Herd spelte uavgjort heime mot Blindheim forgje kamp, som ende 3-3.

Hødd ligg  på en foreløpig tredje plass, med ti poeng på seks kampar. Herd ligg på andre plass med elleve poeng og fem kampar spelt. Det er dermed en svært viktig kamp som skal spelast i dag!

Sist dagens motstandarar møttest ende det 1-1 heime på Høddvoll. Så det ligg til rette for ein spanande og tøff kamp i 3.divisjon. 

Vi har tatt ein prat med hovudtrenar Ronny Osnes i forkant av dagens kamp.

Aafk Fortuna2 - Hødd

-Vi var litt skuffa over resultatet sist veke mot AaFK, men var fornøgde med spel og prestasjon i første omgongen. Denne må vi bygge på i dagens kamp mot Herd.

Herd – Hødd

- I serieopninga vart det 1-1 mot Herd - i den famøse «snøballkampen», der Høddvoll var kledd i vinterdrakt i andre omgongen. Etter vår meining tenker vi at vi kunne tatt alle poenga med vanleg underlag, så vi får prøve å ta dei idag. Forventar utfordringar med eit godt lag, varmt i været og tørr kunstgrasbane som utfordrar pasningsspelet. Det er mellom anna ting vi må handtere. Fleire av jentene er i godt slag, så det blir spennende å sjå om vi får ut det som ligg i laget. Vi må forsvare oss godt og handtere deira styrkar, så må vi by på oss sjølve og spele variert med ballen.

- Det er jamnt i toppen av tabellen og viktige kampar kjem på løpande band no - så vi går all in for å ta med alle tre poenga på ferja heim!

Det er meldt strålande vær! ta turen for å støtte dei i kampen om dei viktige poenga!

Vi ønskjer laget lukke til i kampen mot Herd!! 

Annonse: