
Før kampen: Fram Larvik - Hødd
Hødd opnar haustsesongen borte mot Fram Larvik laurdag kl. 16.00. Video
Hødd tok i mot Fram Larvik på Høddvoll i årets første seriekamp på Høddvoll i PostNord-ligaen, men dessverre for dei blåkvite enda kampen 1-1. Hødd sin målskorar i kampen var Sondre Beite som tidligare i veka skreiv under for Brattvåg IL.
Sjå høgdepunkt frå heimekampen mot Fram Larvik under!
Videoen er ikke tilgjengelig.
Fram Larvik
Fram Larvik er plassert på ein 6. plass med 23 poeng etter vårsesongen. Laget har tatt flest poeng borte i år der laget har vunne 4 av 8 kampar. På Framparken stadion viser statistikken slik etter seks heimekampar: 2-3-1. Heimelaget spelar ofte jamne kampar og har kun 3 tap på 14 kampar. Tapa kom mot Nest-Sotra, Notodden og Nardo.
Siste seks kampar
Hødd
Hødd er plassert på ein 8. plass med 18 poeng etter vårsesongen, men er kun 6 poeng bak Nardo som er plassert på 3. plass. Veien oppover tabellen er derfor kort for dei blåkvite.
To tidligare Hødd-spelarar tilbake i klubben
Det har også vore aktivitet på Høddvoll i sommarpausen der to spelarar takka for seg i Hødd og to tidligare Hødd-spelarar er tilbake i klubben.
Ut
Sondre Beite (Brattvåg IL)/ Amani Dickson Mbedule (Notodden FK).
Inn
Robin Shroot/ Robin Hjelmeseth
Vi ønskjer Sondre og Amani lykke til vidare i karriera og ønskjer samtidig Robin x2 velkomne tilbake til Hødd.
Siste seks kampar
Fram Larvik - Hødd
-
Framparken stadion
-
Laurdag 5. august kl. 16.00
-
Sjå kampen på smp.no (for abonnentar)
-
Live oppdatering frå kampen på vikebladet.no