Før kampen: FK Eik Tønsberg - Hødd

Endeleg seriestart når Hødd møter FK Eik Tønsberg til årets første bortekamp, laurdag kl. 14.00!

Laget har gjort sine saker bra i vinter, fått trena godt, og gjennomført fleire gode treningskampar med sterke resultat mot blant anna Sogndal og AaFK.

Det er ein ung, svolten og offensiv spelargruppe som no skal starte jakta på poenga i årets PostNord-liga!

Bileteserie treningskampar Høddvoll

 

No venta FK Eik Tønsberg i serieopninga laurdag, og hovudtrenar Marius Bøe delar sine tankar før kampen.

Endeleg seriestart!
- 3 månader pre-season, med blod, svette og tårer er over. Prinsipp, spelestil, framoverfotball, spelarsamtalar, mentalitet, analyse og lagbygging er fokusområde vi har jobba med. No står første serierunde for tur, og vi gler oss alle mann.
 
Gode prestasjonar gir som oftast resultat
- Spelarane har hatt ei fin treningsveke, med mykje energi og fokus på eige spel. Vi har jobba etter våre prinsipp, fokus på spel motspel og dødballar. Jakta på gode prestasjonar er måten vi skal angripe kampen på. Sann skal det vere kvar gong. Gode prestasjonar gir som oftast resultat.
 

- Vi har heile troppa tilgjengeleg, bortsett frå spelarane som er ute med langtidsskade eller som er i rehab. Så det er stor konkurranse om å få starte på laurdag. Når det gjeld motstandar FK Eik Tønsberg, så kjem vi til å møte eit direkte fotballag, men fart og fysikk, som har imponert under leiinga av Kjetil Kristoffersen. Kjekt at det er fotballfeber og entusiasme i vakre Tønsberg.

- Vi gleda oss til kamp - HEIA HØDD!

Kampbillett
Vi håpar alle som bur i Oslo og rundt Tønsberg tek turen til stadion og støtta laget i kampen mot FK Eik Tønsberg.
 

Kjøp kampbillett her!

Brygga Sportsbar
Brygga Sportsbar, Blåsarane og Hødd ønskjer alle velkomne til kamp på Brygga Sportsbar. Dørene opnar kl. 13.00, og her vil du få gode Hødd-prisar på mat og drikke.
 

Her blir det Hødd-songar, livesending og allsang med Hødd-hymna før kamp!

Quiz i pausa med premie.

Vi ønskjer laget lukke til i bortekampen mot FK Eik Tønsberg!

 
 

 

Annonse: