Før kampen: Egersund - Hødd

Viktig bortekamp i vente! Les deg opp før bortekampen mot Egersund.

Kampen vert spelt i B&G Parken laurdag 1. november kl. 16.00, og vert òg vist på TV2 Play.

Berre to kampar gjenstår i årets OBOS-liga, så dette er altså årets siste bortekamp. Hødd er ikkje heilt sikre på å unngå nedrykkskvalifisering, sjølv om nordnorsk reknesentral har rekna ut at det berre er 2 % sjanse for at det skjer. Egersund har 97 % sjanse for opprykksplayoff, og 3 % sjanse for direkte opprykk. Så her er det alt å spele for!

Hødd vann 1–0 mot Egersund på Høddvoll i juli, etter at Isak Skotheim fann nettmaskene i det 67. minutt.


Dei blåkvite plukka eitt poeng då laget spelte tre kampar førre veke, og fekk med det nedrykkskvalifiseringa litt nærare. Hødd har møtt Egersund tre gonger i B&G Parken sidan 2017, alle i PostNord-ligaen, og står med éin siger, éin uavgjort og éitt tap i dei kampane.

Egersund er inne i sin andre sesong i OBOS-ligaen, og er for fullt med i opprykkskampen med sin 5. plass. Dei gulsvarte tigrane er formlaget i OBOS-ligaen saman med Lillestrøm, og står med fem strake sigrar og 13–0 i målforskjell på dei kampane.

Brødreduell

Det er òg klart for brødreduell når Fosnavåg-gutane Vegard Haaheim-Elveseter og Martin Haaheim-Elveseter møtest. Martin vart tidenes rekordsal for Hødd då han vart seld til Sarpsborg 08 i fjor, og har i haust vore på lån i Egersund. Vegard er endeleg 100 % tilbake etter fleire skadeforfulgte sesongar, og fekk nyleg sine første 90 minutt i OBOS-ligaen for Hødd.

Skadar og suspensjonar

Ingen av våre spelarar er suspenderte til kampen. Vi har heller ingen skadar å snakke om.

Annonse fra Obos-ligaen: