Før kampen: Blindheim - Hødd

Etter ein sterk prestasjon mot Herd sist, skal laget no spele borte mot Blindheim i andre serierunde. Kampstart kl. 18.30!

Hødd gjennomførte ein god prestasjon mot Herd i serieopninga og tok årets første poeng mot laget som spelte i 2. divisjon i fjor. Ein imponerande innsats og noko å bygge vidare på inn mot kampen mot Blindheim onsdag.

Vi har i dag tatt oss ein prat med spelarane på damelaget, Amelia Solheim Pilskog og Sandra Gustavsen før neste serierunde.

I tillegg til å spele på damelaget er også Amelia og Sandra SoMe ansvarlege for laget, og i samarbeid med administrasjonen i Hødd Fotball skal vi gje eit innblikk i trening- og kampkvardagen til damelaget gjennom sesongen.

Hødd – Herd 1-1

Etter ein mållaus første omgang vart det dessverre litt meir kaotiske baneforhold i andre omgang med tett snøvêr. Korleis føler dykk spelargruppa handterte dette?

- Det vart veldig krevjande forhold i andre omgang der det blei eit snøkaos som gjorde det vanskeleg å stå på beina, der fleire sklei og pasningane stoppa opp. Synst spelargruppa takla det bra med tanke på forholda. Vi prøvde å ikkje fokusere på det og berre spele vårt spel. Følte vi løyste utfordringa greitt etterkvart og vi måtte vere enda meir presise, noko som vi fekk til, og fekk då scora eit mål for innsatsen som vart lagt ned, seier Amelia og Sandra.

Laget kom også under med 0-1 i det 70 minutt, men kom sterkt tilbake og utlikna til 1-1, 10 minutt seinare. Det sikra 1 poeng mot ein sterk motstandar som spelte i divisjonen over i fjor. Kva vil du seie om lagmoralen til laget?

- Vi har både i fjor og då også i år tatt både poeng og sigrar etter å ha kome under, så moralen i laget er god. Det ligg i kulturen å gi gass og jakte scoringar uansett stillinga i kampen. Så overraskande er det ikkje, men likevel ein sterk kvalitet. Vi føler vel også at det hadde vore gode sjansar med tanke på korleis Herd-kampen vart i snøføyka i andre omgang at vi var nærast å vinne kampen, sier Ronny.

Blindheim – Hødd

No venta Blindheim og årets første bortekamp for året. Eit lag som Hødd spelte uavgjort 2-2 mot i grunnspelet i fjor, men dessverre måtte sjå seg slått i begge kampane i Fylkessluttspelet på hausten. Revansjelysta er vel stor i år med tanke på å slå tilbake?

- Vi har førebudd oss godt då vi veit at vi møte ein god motstandar og at vi må kjempe hardt. Vi er veldig revansjelystne og skal «trøkke» til i morgon. Vi veit at vi kan slå dei, så det er berre å vere på skrudde frå start av og gi alt i kampen, seier Amelia og Sandra.

Kva kan du seie om motstandaren og kva møter Hødd-laget onsdag?

- Kampen kjem mest sannsynleg til å vere jamn. Begge laga likar å ha ballen, og vere truande framover. Det handlar om konsentrasjon og fokus framføre begge måla. Eg tenker at vi skal ha gode sjansar til siger i kampen med ein vanleg inngang og god prestasjon frå vår side, seier Ronny.

Etter bortekampen mot Blindheim skal Hødd spele tre heimekampar på rad på Høddvoll.

18.04: Hødd – AaFK Fortuna 2
24.04: Hødd – Volda
08.05: Hødd – Aksla/Guard
 

Her oppmoda vi alle til å ta turen til Høddvoll og støtte laget i dei viktige kampane som kjem dei neste vekene.

Vi ønskjer laget lukke til i kampen mot Blindheim onsdag!

Annonse: