Før kampen: Volda- Hødd

Damelaget tar idag turen til Volda for sin siste kamp i 3.divisjon før dei tar fatt på Fylkesserien!

I dag tek damelaget turen til Volda for sin siste kamp i vårens 3.divisjon. Avspark 18:30 på Sparebank 1 Bana. 

Hødd har notert seg for 19 poeng på åtte kampar, og med det har dei kun tapt to kampar i, og kun tapt for eit av laga i divisjonen, AaFK Fortuna2. Sjølv med to kampar igjen å spele for nokon av laga er Hødd allereie matematisk sikra spel i Fylkesserien.

Damelagets trenar Ronny Osnes seier dette før dagens lokaloppgjer mot Volda.

Veldig glade for å sikre plass i Fylkesserien.

- Vi var veldig glade for å sikre plass i Fylkesserien til hausten no sist helg med seieren mot Aksla. Det var ein bra kamp og sjølv 2-0 var meir enn godt nok, så burde vi scora fleire mål.

Blir ein kamp med trøkk og drama.

- Volda blir heilt sikkert ein kamp med trøkk og drama, slik eit lokaloppgjer brukar å vere. Desse kampane brukar å leve til siste sekund! Gruppa vår no har hatt nokre småskader og litt sjukdom både i inngangen til Aksla-kampen og også no etter helga er det ikkje full tropp på treningane. Spelarane er klare for kamp uansett og gleder seg til å spele mot Volda.

- Etter kampen mot Volda tek vi treningsfri og koblar av før vi kjører vidare med treningar til vi tek eit avbrekk midt i juli. Så blir det å startar oppkøyringa til Fylkesserien i starten av august.

- Vi håper dei som har moglegheit tar turen til Volda og Sparebank 1 Bana for å støtte jentene i den siste bortekampen! 

Vi ønskjer jentene lukke til i kveldens kamp.

Annonse: