Før kampen – Hødd-Nardo

Søndag 13.30 er det klart for årets andre treningskamp. Denne gongen er det Nardo som står på motsett banehalvdel.

Også denne kampen på nøytral bane, nærare bestemt Kristiansund stadion. Nardo er, i likskap med Øygarden, også i PostNord-ligaen, men i den andre avdelinga. Dei spelte sin første treningskamp mot Rosenborg 2 og vann heile 5-2, medan Hødd slo Øygarden 3-2.

- Det var godt å få spelt kamp igjen, etter ei lang periode med berre internkampar, seier Marco Priis Jørgensen.

Med både Ole-Monrad og Arnold ute med skader spelte Marco heile kampen sist, og speler sannsynlegvis heile den komande kampen også. Han var fornøgd med den første kampen for året.

- Eg synes vi såg ok ut mot Øygarden, noko vi skal ta med oss og byggje vidare på. I tillegg vann vi, som trass alt er det viktigaste. Det også må vi fortsette med.

*Hugs at du kan vere med i trekninga av to sesongkort. Sjå korleis her.

MÅL: Spelarane feirer tredje målet mot Øygarden.
MÅL: Spelarane feirer tredje målet mot Øygarden.

Seriestarten nærmar seg med stormskritt. Det er to veker til Senja kjem på besøk til første serierunde, og då må forma spissast.

- Med berre tre treningskampar handlar det om å setje relasjonane i laget, både offensivt, defensivt og på dødball. Både avtalar, utførelse og korleis vi ser ut er det viktige no, seier Marco.

Frå sist kamp er Bendik Rise tilbake i troppa etter skade, medan Isak Skotheim, Martin Breivik, Arnold Origi, Nikolas Brandal og Ole Monrad Alme framleis er ute.

Heile troppa:

Marco Priis Jørgensen, Mathias Grimstad, Jann Julin Benjaminsen, Ramzi Touré, Joakim Wrele, Magnus Bruun-Hansen, Peder Nersveen, Ola Heltne Nilsen, Vebjørn Hagen, Syver Skundberg Skeide, Sverre Økland, Paul Moussinga, Bendik Rise, Oskar Løken, Eirik Franke Saunes, Bendik Engen, Håkon Leine og Robin Hjelmeseth. 

Kampstart er 13.30, og kampen kan du sjå på Vikebladet.

Annonse: