Før kamp: Tromsdalen borte

Herrelaget er på plass i Tromsø, og er klare til å møte Tromsdalen på søndag.

Etter 1-1 mot Asker sist serierunde var det eit noko skuffa Hødd-lag som sat igjen i garderoba. Sjølv om avstanden ned til Asker er den same, vart det endå litt lenger opp til første plassen. Karane er uansett veldig revansjelystne etter poengdelinga sist.

Søndagens mostandar, Tromsdalen, er i god form med fire sigrar på sine siste fem kampar. På heimebane har dei vunne samtlige av sine siste fem, så det er absolutt ein tøff motstandar vi møter. Dei ligg i skrivande stund på 7. plass på tabellen, men med to kampar til gode kan dei klatre heilt opp på tredjeplass.

Hødd har reist med samtlige mann som er tilgjengelig for spel, og skal halde fram den gode rekka på fem kampar utan tap. Sjølv om Hødd har ei lita luke nedover på tabellen, så har både Asker og nemnde Tromsdalen kampar til gode som nesten kan tette den.

Kampstart er 13.00 på søndag, og som vanleg kan du følge kampen via Vikebladet og Sunnmørsposten.

Heia Hødd!

Annonse: