Før kamp: Senja

Sesongens 24. serierunde står for tur, og med fullklaff kan herrelaget sikre 2. plassen søndag.

Søndag er herrelaget i Nord-Norge for å møte Senja. Seinare på dagen skal Asker møte Brattvåg, og dersom Hødd vinn og Brattvåg tek poeng vil 2. plass og kvalifisering vere sikra.

- Det hadde vore fint å kunne avgjere i morgon, men vi har berre fokus på vår kamp. Resten får gå av seg sjølv. Om vi ikkje sikrar det denne helga, så kan vi framleis gjere det neste helg, seier Robin Hjelmeseth.

Den lokale spissen har scora 10 mål i år, noko han håper å bygge vidare på i sesonginnspurten.

- Eg håper sjølsagt eg kan score fleire mål utover hausten, men det viktigaste er uansett at laget vinn, seier han.

Hødd har vunne tre kampar på rad og er i god form, spesielt framover. Sist runde vart det heile 7-1 mot VIF 2. Senja har på si side berre vunne to kampar denne sesongen, og har allereie rykt ned med tre serierunder igjen å spele. Dei har med andre ord lite å spele for mot Hødd.

- Vi hugsar opplevelsen mot Senja der oppe i fjor (tap 1-0), og vi har mykje å revansjere. I tillegg har vi ein kvalifiseringsplass å spele for, så Hødd skal vere klar, seier Robin.

Kampen kan du som alltid sjå på Vikebladet eller Sunnmørsposten, og den startar 13.00.

Heia Hødd!

Annonse: