Før kamp: Moss

Sist helg vart 2. plassen og dermed kvalifisering sikra, men det er framleis to seriekampar igjen for Hødd.

Med 4-0-siger over Senja og nok ein god prestasjon er det klart at Hødd skal ut i kvalifisering, mest sannsynlig mot Skeid eller Egersund frå andre avdelinga. Kevin er sjølsagt fornøgd med slik ting ser ut no.

- Vi ser bra ut. Etter at Kongsvinger drog ifrå oss, håpte vi å forlenge sesongen med kvalifisering. Det har vi no klart og dermed får vi ei «ny» muligheit, seier hovudtrenaren.

Kvalifiseringa er uansett litt fram i tid, og no er det først og fremst kampen i helga som er fokus. Denne helga er Moss motstandar – eit lag som har vunne heile seks seriekampar på rad på heimebane.

- Moss har bytta trenar i år og har fått meir sving på sakene i haust, spesielt på heimebane. Vi møter eit solid lag, men det er vi også. Sjølsagt reiser vi dit for å ta tre poeng. Med kvaliken i sikte skal vi holde på den gode forma, seier Kevin.

I dei to siste serierundene vert alle kampane spelt samtidig: laurdag 13.00. Det meste er uansett avgjort i avdelinga, men Hødd skal som vi veit ut i kvalifisering og halde fram med den gode jobben.

Kampen kan du sjølsagt sjå på Melløs Stadion, eventuelt på Vikebladet eller Sunnmørsposten.

Heia Hødd!

Annonse: