Før kamp: Hødd-Kvik Halden

Søndag 13.00 er det klart for den sjette serierunda i Postnord-ligaen når vi tek imot Kvik Halden på Høddvoll.

Hødd er framleis ubeseira etter dei fem første serierundene og ligg på ein tredje plass med to poeng opp til serieleiar Asker. Våre blåkvite står med 10-4 i målforskjell, noko som er best i ligaen. Det er ikkje tilfeldig meiner Robin Hjelmeset.

- Vi var solide defensivt i fjor og det er vi også i år. Vi er godt organiserte og har tydelige roller. Alle veit kva som er forventa av kvar enkelt, seier han.

Onsdag vann laget 1-0 mot Bærum i det som vart ein god gamaldags slitekamp.

- Eg synes vi stod veldig godt defensivt i den kampen, og det må vi ta med oss inn i neste kamp. Samtidig så luggar det litt i kontringsfasen og med ball, noko vi håper å få retta på til søndag, seier Robin.

Billettinformasjon

I likskap med forrige heimekamp er også dette ein «toppkamp» då Kvik Hanlden ligg på femte plass på tabellen. Søndagens motstandar tok ein råsterk siger med 3-2 over Kongsvinger sist, og dermed er det tett i toppen.

- Det blir ein ny tøff kamp på lik linje med forrige heimekamp. På same måte som Alta kan dei kome hit å øydelegge for oss og kanskje prøve å ta ned tempoet. Det må vi vere forberedte på, men det viktigaste er uansett oss sjølve. Vi skal bygge vidare på den gode andre omgangen vi hadde mot Alta på Høddvoll. Då blir det bra, trur han.

Det er meldt sol og 17 varmegrader på Høddvoll, så det ligg an til å bli nok ein fin dag for fotball. Vi håper å sjå deg på Høddvoll på søndag.

Billett til kampen kan du kjøpe her

Dersom du ikkje har moglegheit til å møte på Høddvoll, kan du sjå kampen på Vikebladet eller Sunnmørsposten.

Vel møtt og god kamp!

Annonse: