Før kamp: Hødd-Alta

Laurdag 16.00 kjem Alta på besøk til fjerde serierunde.

Hødd står med sju poeng på dei tre første kampane og er framleis ubeseira. Målforskjellen viser 8-3. Laurdagens motstandar er også ubeseira, men dei har vunne alle kampane. Dermed er det duka for toppkamp på Høddvoll laurdag.

Alta har hittil denne sesongen møtt Moss heime (3-1), Senja borte (0-1) og Bærum heime (2-1). I likskap med fjoråret er Morten Gamst Pedersen og Christian Reginiussen (som er på veg tilbake frå skade) nøkkelspelarar, i tillegg til Omar Fonstad el Ghaouti som er ny denne sesongen.

Billettinformasjon

For Hødd sin del er omtrent alle skadefrie, sett vekk i frå eit par småskader i tillegg til Ole-Monrad si langstidsskade. Så heimelaget har ei solid tropp til laurdagens kamp. Det er meldt sol og 20 varmegrader til kampstart, så det blir ein fin dag for fotball.

Det er no lov med opp til 2000 tilskodarar, så det er god plass på stadion. Vi håper du kjem på Høddvoll og heiar fram karane til seier. Billett kan du kjøpe her

Vel møtt og god kamp!

Annonse: