Før kamp: Fløya

Herrelaget er klare for haustsesongen etter ei helg med fri. Sjølv om det vart tap for Kongsvinger sist, så er ikkje det langt opp til toppen.

Etter dei 10 første kampane ligg Hødd på tredjeplass med fire poeng opp til Kongsvinger på toppen. Asker har andreplassen eitt poeng framfor Hødd. No har herrane hatt litt fri og er spenna klar for å ta fatt på resten av sesongen.

- Det har vore godt for kroppen med nokre fridagar, og det er alltid godt med litt avkopling. Uansett er det veldig godt å vere tilbake igjen, seier Isak Skotheim.

Isak har slite litt med skader dei siste sesongane, men har hittil i år vore ein del av kamptroppa i samtlege kampar og vore involvert i ti av dei. Det er viktig for både han sjølv og laget.

- Forma og kroppen er ok, så eg håper berre det vil halde fram utover hausten, seier han.

Har ikkje du sesongkort? Her kan du kjøpe til rabattert pris.

Dei neste tre vekene er det igjen tett med kampar for herrelaget, som fram til 5. september skal spele seks kampar. Etter det er det meir normal serie med kampar i helgene. Isak meiner uansett Hødd skal vere godt rusta til det som kjem.

- Vi er klare! Vi gler oss til å slå tilbake etter sist kamp og rette opp igjen det vi gjorde feil der. Med litt meir flyt i spelet og at vi finn tilbake relasjonene, så vil det sitte meir og meir for oss, seier han.

Saka held fram under bilete.

NM: Isak i aksjon mot Fredrik Aursnes og Molde. (FOTO: Arne Flatin)
NM: Isak i aksjon mot Fredrik Aursnes og Molde. (FOTO: Arne Flatin)

Laurdag 19.30 (merk tidspunktet) tek vi imot Fløya på Høddvoll. Dei ligg på nest siste plass og har framleis til gode å vinne ein kamp denne sesongen. På den andre sida har dei ikkje tapt på sine fire siste kampar, naturlegvis med poengdeling i samtlige. Det er uansett ein kamp Hødd skal vinne.

- Vi er nok favorittar. Det skal ikkje vi vere redd for å seie. Men vi må ha ein god kamp alle mann og komme med krutt på Høddvoll for å vinne, seier Isak.

Vi håper at vi ser deg på Høddvoll på laurdag. Kampstart er 19.30, og billett kan du kjøpe her.

Dersom du ikkje kan møte fysisk, kan du som vanleg sjå kampen på Vikebladet eller Sunnmørsposten.

Velkomen til kamp!

Annonse fra Obos-ligaen: