Før kamp: Florø

Onsdag kveld er det klart for nok ein kamp på Høddvoll. Denne gongen er det Florø som kjem på besøk.

Forrige serierunde vart ein skuffelse for Hødd med 3-1-tap i Brattvågen. Det er karane ute etter å revansjere, og heldigvis kjem neste kamp kjapt.

- Eg synes vi spelte ein god kamp, men vi set ikkje nok av sjansane våre. Då vert vi straffa mot eit lag som Brattvåg, seier Paul Moussinga, som kom inn for ein skadd Sverre Økland etter rundt 30 minutt.

Her kan du sikre deg kampbillett

No er det klart for endå eit «lokaloppgjer» når Florø står på motsett banehalvdel. Den forrige kampen mellom laga enda 4-1 til Hødd, men onsdagens bortelag skal vere betydelig styrka sidan den gong. Blant anna slo dei Asker 2-1 i forrige serierunde. Hødd skal uansett ha mest fokus på seg sjølve.

- Eg har eigentleg ikkje så mykje fokus på motstandaren. Dersom vi spelar så godt som vi har gjort den siste tida, så trur eg vi vinn denne kampen, seier Paul.

Han håper også å sjå mange Hødd-supporterar på tribuna sjølv om det er kamp midt i veka.

- Vi treng den støtta vi kan få, spesielt etter eit tap. For å kunne rykke opp frå divisjonen, så treng vi alle – både på og utanfor bana!

Kampen startar 18.00 på Høddvoll. Billett kan du kjøpe her.

Dersom du ikkje har muligheit å møte opp, kan du som vanleg sjå kampen på Vikebladet eller Sunnnmørsposten.

Velkomen til kamp!

Annonse: