Før kamp: Eidsvold TF

Det er klart for ny kamp i morgon, torsdag, når vi møter Eidsvold TF på bortebane.

Etter eit surt tap for Kongsvinger sist, slo herrelaget sterkt tilbake mot Fløya. Sjølv om resultattavla berre viste 1-0 etter 90 minutt, var Hødd overlegne og burde ha scora fleire mål. Det vart uansett tre viktige poeng og mykje bra å bygge vidare på.

På torsdag er det Eidsvold TF som står på motsett banehalvdel og på papiret skal det vere ein vesentleg tøffare motstandar enn Fløya.

Fire på rad
Torsdagens motstandar er i svært god form og står med heile fire sigrar på rad, sist 1-0 mot VIF 2 på bortebane. Med den gode forma ligg dei no på fjerdeplass, berre tre poeng bak Hødd. Med andre ord kan laga i verste fall vere likt etter torsdagens oppgjer.

Men Hødd er også i god form med 3-1-1 på sine siste fem kampar i serien, og har vore solide bakover med berre tre baklengsmål på dei kampane. Dermed er det to formsterke lag som møtest torsdag.

Kampstart er allereie 16.00, og som vanleg kan du følge kampen på Vikebladet eller Sunnmørsposten.

Heia Hødd!

Annonse fra Obos-ligaen: