Før kamp: Eidsvold

Laurdag 16.00 tek vi imot Eidsvold TF til sesongens 21. serierunde.

Vi nærmar oss innspurten av årets sesong, og Hødd har framleis alt å spele for når seks kampar står att. Herrelaget ligg på 2. plass, med Asker og Tromsdalen som dei jagande laga bak. Det er også dei to laga Hødd har spelt uavgjort mot i dei to siste kampane. No skal det forhåpentligvis bli 3 poeng igjen på Høddvoll.

Kjøp kampbillett her.

Laurdagens gjestar ligg på 6. plass, ni poeng bak Hødd. Dei er i grei form, med 2-2-1 på sine siste fem kampar. Sist runde vann dei 3-2 over Vålerenga 2 etter å ha leie under 0-2. Laget har også vore noko varierande på bortebane med fire sigrar, éin uavgjort og fem tap på sine 10 bortekampar.

I det første oppgjeret i år vann Hødd heile 0-4 etter scoringar av Oskar Løken x 2, Håkon Leine og Eirik Saunes. Det var uansett berre 0-1 til pause, så ein skal ikkje ta lett på oppgåva som ventar laurdag ettermiddag.

Med alt å spele for mot slutten av sesongen, treng karane all den støtte dei kan få. Kom på Høddvoll, støtt laget og skap gode opplevingar. Her kan du kjøpe billett.

Kampen går også på Vikebladet og Sunnmørsposten for deg som ikkje har anledning til å kome på Høddvoll.

Vel møtt og god kamp!

Annonse: