Før kamp: Alta

Herrelaget er snart på plass i Alta før oppgjeret på søndag.

Søndag 14.00 er det klart for den 22. serierunda i PostNord-ligaen. Sjølv om mykje er avgjort for mange lag i ligaen, har Hødd framleis alt å spele for. Andreplassen er vår, men Asker kjem snikande bak og har sjansen til å kome likt i antal poeng med sin utsette kamp.

Hødd reiser nordover med sjøltillit i bagasjen etter 2-0-siger over Eidsvold i forrige runde. Laget har heller ikkje tapt på dei siste sju kampane og berre slept inn fire mål. Men med lag like bak, er ikkje det rom for kvile for karane.

Alta er heller ikkje nokon lett motstandar. Dei har tapt sine to siste kampar, men i begge to har dei spelt med éin mann mindre. Laget frå nord er difor hekta av i kampen om opprykket, med 8. plass og 13 poeng bak Hødd på plassen som gir kvalifisering.

Laga møttest på Høddvoll i sommar i ein kamp som enda 1-1, medan fjorårets oppgjer enda 2-0 til Hødd på heimebane. Søndagens kamp skal spelast på Villaksbanen og ikkje i Finnmarkshallen der heimelaget eigentleg spelar kampane sine. Dette grunna handlesmesse i hallen.

Kampen kan du sjølsagt sjå frå stadion, men også på Vikebladet eller Sunnmørsposten.

Heia Hødd!

Annonse: