FØR AVREISE: Asker og VIF 2

I helga reiser herrelaget til Oslo for å spele andre og tredje serierunde. Første test er Asker på laurdag, før VIF 2 står på motsett banehalvdel på tirsdag.

.Hødd vann seriepremiera 3-0 mot Senja, medan laurdagens motstandar slo Brattvåg 2-0 på bortebane. Det vil seie at begge lag går inn i runde to med gode opplevingar.

- Det beste du kan få ut av ein kamp er tre poeng. I tillegg tek vi med oss at vi holdt nullen, som også gjorde det til ein god opplevelse. Så no er vi i gong og ser framover, seier kaptein Sverre Økland.

Herrelaget går no inn i ei tøff periode med mange kampar, men kapteinen meiner vi skal vere godt rusta til det.

- Vi er godt trena og har eit godt grunnlag. I tillegg har vi ein stor og god stall som vi skal få bruk for no. Vi må uansett gjere dei rette tinga når det gjeld restitusjon, kosthald og søvn, men gutane er profesjonelle, så det er eg trygg på at alle vil gjere, seier Sverre.

KAPTEIN: Sverre Økland mot Senja. (Foto: Arne Flatin)
KAPTEIN: Sverre Økland mot Senja. (Foto: Arne Flatin)

Tidlegare Hødd-spelar

Sist Hødd møtte Asker var heilt tilbake i 2012 då Hødd vann heile 7-0 i NM (og vi veit alle korleis det enda...). Uansett: laget frå Viken tok ein sterk borteseier i helga, der tidlegare Hødd-spelar Didrik Sereba scora begge måla. Han blir ein spelar Hødd må sjå opp for i den komande kampen.

- Vi har sett litt på Asker og korleis dei ser ut. Dei har fleire gode spelarar som vi må passe på, men primært har vi fokus på oss sjølve og kva vi skal gjere, forklarer Hødd sin kaptein.

Tidligare fotballspelar Vegard Skogheim er Asker sin trenar. Mannen med 13 A-landskampar for Noreg har trua på eige lag før kampen.

- Hødd er eit av dei tøffaste laga å møte. Dei er godt organiserte og vanskeleg å bryte gjennom. Men vi er på heimebane og vil prøve å styre kampen med god balanse. Asker skal vere vonde å slå på Føyka, seier han. 

Laget har siste treningsøkt i dag 15.30. Laurdag reiser vi med ei stor tropp som er klare til to tøffe bortekampar. Begge kampane kan du sjå på vikebladet.no eller smp.no.

Heia Hødd!

Annonse: