Flott start av G15 Nasjonal

For første gang har Hødd i år spelt med eit lag i Nasjonal serie i aldersbestemt fotball gjennom NTF si akademiklassifisering.

Laget avslutta i helga sesongen på bortebane mot HamKam. Etter ein jamn kamp, så avgjer heimelaget kampen til sin fordel til 4-1 siger på slutten. 

- "Mykje god læring etter bortekampen mot HamKam. Vi møter eit veldig godt strukturert heimelag, med gode relasjonar i laget. Eg er veldig stolt av den innsatsen våre spelarar legger ned, vi står godt imot i 80 minuttar før vi raknar litt dei siste 10 minuttane. Fleire som aldri har våre lenger ned i kjellaren", fortel hovudtrenar Christer Johansen. 

Etter ferdigspelt vårsesong, så endar laget på ein flott 4.plass på tabellen, med Molde og Kristiansund bak seg!

Slik summerer Christer første del av sesongen:

- "Vårsesongen har våre veldig lærerik, med nokre kampar som har våre ekstremt tøffe og nokre kampar der vi viser at vi har veldig mykje spennande i laget vårt. Vi har tatt store steg på det å sjå ut som et lag, spesielt i forståinga for korleis ein kamp er. Vi har hatt mykje fokus på det mentale i løpet av fotballkampar, det å stå imot i dei tyngre periodane av kampen og skape sjansar/mål i dei gode periodane. 

- Det er artig å sjå korleis tryggheita i eit lag kan gjere enkeltspelarar betre". Prestasjonane våre gjer at haustsesongen blir veldig spennande, vi i trenarteamet gleda oss til å fortsette arbeidet med Hødd nasjonal G15. 

Nasjonal G15 består av 5 avdelingar med 6 lag i kvar. Til hausten møter ein lag frå dei andre avdelingane som har landa på same tabellplassering. Det betyr at Hødd i haust spelar dobbel serie mot følgande lag:

Strømsgodset, Kongsvinger, Mjøndalen og Odd.

- "Vi ser at laget og enkeltspelarar har teke flotte steg gjennom første del av sesongen. 23 spelarar har fått speletid i vårsesongen, frå heile 10 ulike klubbar, fortel Hødd sin utviklingsleiar Magne Elde.

- Eit godt samarbeid mellom Hødd og spelarane sine moderklubbar er nøkkelen for å utvikle enkeltspelarane og gje dei gode referansar. Vi takkar for samarbeidet så langt og ser fram til ein spennande haustsesong", avsluttar Magne.

Annonse fra Obos-ligaen: