Fleire utdanna trenarar i Hødd
Etter Grasrot delkurs 4 denne vinteren har klubben no heile 59 trenarar som har gått Grasrotkurs eller har UEFA A-, B- eller UEFA Pro-lisens. 24 av dei 59 er aktive i barnefotballen i aldersklassane 6–12 år. NFF
– Kompetansen hjå trenarane våre er ein av fleire viktige faktorar som gjer at aktiviteten i Hødd fungerer godt. Det viktigaste i barnefotballen er at spelarane trivst og utviklar seg saman med gode vener, seier sportssjef Jesper Törnqvist.
Grasrottrenarutdanninga er grunnmuren for å sikre kvalitet i fotballklubben. Trenarane lærer korleis ein planlegg, organiserer og gjennomfører motiverande og utviklande økter, med fokus på meistring, trivsel og langsiktig utvikling. På delkurs 4 Ungdomsfotball er det i tillegg søkelys på føremålet med økta og kva slags læringsmoment trenaren skal vektleggje.
11 trenarar deltok på delkurset i vinter, 8 av dei frå Hødd: Vegard Alme Ulstein, Torgeir Skeide, Joakim Årvik, Girbea Nicolae, Henrik Fjørtoft, Mads Pedersen, Martha Helvig og Steffen Løkling. I tillegg deltok Sverre Nupen og Ole Magne Rotevatn frå Bergsøy, samt Jogeir Haanes frå Sande FK.
Strategien til Hødd er å gjennomføre to av dei fire delkursa som utgjer Grasrotutdanninga kvart år. No i vinter vil arrangerte klubben delkurs 4. Til hausten blir det igjen delkurs 1. Etter gjennomførte Grasrotkurs kan trenarane byggje vidare på utdanninga si med UEFA B- og A-lisens.
Heile 67 personar, inkludert trenarar med utdanning, er involverte i ulike roller rundt laga i barnefotballen. Dette er ein ressurs laga er heilt avhengige av. Med mange i støtteapparatet rundt laga blir tilrettelegginga av aktiviteten endå betre. I tillegg bidreg det til å utvikle eit godt miljø i støtteapparatet, noko som gjer det kjekkare òg for dei vaksne å delta på trening.
Deltakarar på Grasot delkurs 4 i vinter: Bak frå venstre: Mads Pedersen, Torgeir Skeide, Joakim Årvik, Henrik Fførtoft og kursleder Arnfinn Ingjerd. Foran frå venstre: GirbeaNicolae, Ole Magne Rotevatn, Steinar Nupen og Steffen Løkling. (Fotograf: Sindre Sommerseth Berg-Buan, ass. trener Hødd A-lag herrer) Ikkje til stades da bildet ble tatt: Vegard Alme Ulstein, Martha Helvig og Jogeir Haanes.