Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss til Leverandørkonferansen

Set søkjelys på maritim strategi og nye moglegheiter for næringa. Foto: NFD / David Berg Tvetene

Annonse:

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss deltek på årets Leverandørkonferanse 12. mai, der ho vil halde innlegg om regjeringa sin komande maritime strategi. Strategien skal ruste norsk maritim politikk for ei ny tid, i møte med aukande internasjonal konkurranse, eit meir uforutsigbart handelsbilete og behovet for rask omstilling.

– Eg gleder meg til å kome til Leverandørkonferansen og diskutere korleis vi best kan styrkje norsk maritim næring for framtida. Den maritime næringa er ein berebjelke i norsk økonomi og avgjerande for både verdiskaping og beredskap, seier Sivertsen Næss.

Ei styrkt satsing på nasjonal beredskap og forsvar kan gi betydelege oppdrag til norsk maritim næring, og bidra til auka aktivitet, innovasjon og verdiskaping langs heile kysten.

Leverandørkonferansen har eit særleg fokus på den maritime klynga på Sunnmøre – ein av verdas leiande regionar innan maritim kompetanse og teknologi. Regionen står godt posisjonert til å ta ei sentral rolle i framtidige forsvarsrelaterte leveransar.

Arrangøren ser fram til å ønskje statsråden velkomen til ein konferanse som samlar sentrale aktørar frå heile den maritime verdikjeda, med særleg tyngdepunkt på Sunnmøre.

Annonse fra Obos-ligaen: