Fire på Årets lag

Sunnmørsposten har kåra årets lag i 3. divisjon, og Hødd har med fire spelarar i ellevaren. Me gratulerer!

Her er begrunninga for dei fire spelarane:

Erika Skarbø: Den tidlegare landslagsmålvakten gjorde comeback før haustsesongen for Hødd, og har verkeleg levert varene og utmerka seg som den beste målvakten i divisjonen. Ho la fotballskoene på hylla i 2012, men har heilt klart ikkje mista evnene av den grunn.

Martha Omdal: Igjen har rutinerte Omdal levert ein kjempesesong i forsvaret til Hødd. Hødd slapp inn berre 28 mål denne sesongen, og midtstopparen har vore ein sentral brikke i dette. Ho har òg kriga inn fem scoringer for Hødd.

Siri Teige Eiksund: Eiksund kom òg med på årets lag i fjor, og midtbanespelaren har no gjort ein endå sterkare sesong og teke ytterlegare steg som fotballspelar. Har levert 10 scoringer og er svært viktig både offensivt og defensivt for serietoaren Hødd.

Ragnhild Ertesvåg: Ertesvåg har levert ein strålande sesong for Hødd. Ho har massevis med erfaring og har lyfta seg til eit nytt nivå offensivt denne sesongen. 12 scoringer frå den kloke midtbanespelaren.

Annonse fra Obos-ligaen: