Fire Hødd-jenter på J16-kretslag
Fire Hødd-jenter spelte sin siste kamp mot Nordmøre og Romsdal kretslag søndag i Sparebanken Møre Arena.
Sunnmøre Fotballkrets om kampen
Kretslaga jenter 2001 frå Møre&Romsdal møtast til kamp i Sparebanken Møre Arena søndag. Nordmøre/Romsdal vann den jamne kampen 2-1. Vi synest likavel at våre jenter frå Sunnmøre hadde ballen mest og flest målsjanser. Solveig Engås skora målet. Dette kullet er stort og spennande i Fylket. Håper desse jentene setter standarden rundt om i mange miljø slik at vi har flest mogleg store jente/dame miljø i framtida. 4-5.mars setter vi saman eit Fylkeslag mot Trøndelag i Molde. Dette vert siste offisielle aktivitet for desse jentene. Ein fantastisk gjeng jenter dette!