Joakim: - Fin flyt og sjølvtillit i gruppa

Laurdag spelar Hødd borte mot Træff - eit lag som har imponert i årets sesong!

Hødd står no med tre strake sigrar og har verkeleg funne forma. Laget feia Vålerenga 2 av bana sist og vann heile 0-7 på Initility Arena. Ein sterk prestasjon og mykje å bygge vidare på inn i ein spanande haustsesong!

No ventar bortekamp mot Træff i morgon, eit lag som har imponert i årets sesong som nyopprykka lag til PostNord-ligaen. Laget er på 4. plass med 28 poeng, 11 poeng bak Hødd på 2. plass. Træff stjal også med seg eit poeng frå Høddvoll i vårsesongen når Mikael Harbosen Haga satte inn 1-1 på overtid. Det er derfor ingen enkel bortekamp som ventar i toppoppgjeret laurdag!

Det blir derfor viktig å halde trykket opp i dei komande kampane, plukke jamt med 3 poengarar og gi Ull/Kisa kamp heilt inn om 1. plassen!

Og første hinder er Træff i morgon.

- Vi har ein tøff kamp i vente denne helga mot fjerde-plasserte Træff. Dei har imponert denne sesongen med jamne kampar mot alle lag, det er sterkt som nyopprykka lag.

- Vi kjem frå ein solid bortekamp mot Vålerenga 2, og har ein fin flyt og sjølvtillit i gruppa no. Alle gleda seg til ny kamp om 3 viktige poeng!

- Håper mange tek turen lenger nord i fylket for å støtte laget i morgon, seier hovudtrenar Joakim Dragsten.

SLIK SER DU KAMPEN

Kampen kan du sjå på Brygga Sportsbar i Ulsteinvik - møt opp i saman med andre Hødd-supporterar og bli med å støtt laget i kampen om nye 3 poeng!

Kampen blir også streama på Sunnmørsposten og Vikebladet for dei som ikkje har anledning til å kome på kampen (*krever abonnement).

Vi ønsker laget lykke til i kampen mot Træff!

KAMPFAKTA

  • POSTNORD-LIGAEN 2022 AVD. 2

  • TRÆFF - HØDD

  • REKNESBANEN

  • 03.09.2022 KL. 14:00

Annonse: