Fem frå Hødd på fylkessamling

Laugsand: - Alle fem gjorde ein god figur på samlinga.

Annonse:

Helga 11.- og 12. mars var det fylkessamling i Trondheim, der dei beste spelarane født i 2002 og 2003 frå Møre og Romsdal var samla til kampar mot NFF Trøndelag. Frå Hødd hadde vi heile fem representantar, noko som gjer oss til den klubben på Sunnmøre med nest flest spelarar til fylkessamlinga:

G2003

- Daniel Brandal

- Simon Skeide

G2002

- Sondre Gjerdsbakk

- Sindre Kleiven

- Tobias Hatløy

 Gutelaga gjorde ein veldig god jobb med dobbeltsiger til G2003. Laget var dominerande i banespelet og vann fortjent i begge sine kampar. På G2002 blei det eit knepent tap i fyrste kamp, sjølv om Møre og Romsdal var det dominerande laget. I søndagens kamp blei det derimot ein svært fortjent 5-2-siger.  Alle spelarane som representerer Hødd gjorde ein god prestasjon, og dei ansvarlege trenarane var fornøgde med innsatsen.

Tarald Laugsand - som er G16 trenar - var med som representant for Hødd og SFK. Han seier følgande i ein kommentar til hodd.no: 

- Vi er utrolig godt fornøyd med det å få med så mange guttespelarar frå Hødd og at alle fem gjorde ein god figur på samlinga. 

Annonse fra Obos-ligaen: